Research – øvingsoppgåve 2.1

17 Jan

Her kjem nokre nettstader;

http://www.bredenbekk.com

Innhald: Dette er heimesida til ein av mine førebilete innan design og illustrasjon i Noreg.

Navigasjon: Navigasjonen er enkel. Ein kan nytta seg av menyen øvst på sida, eller ein kan klikke seg inn på det arbeidet ein vil lesa meir om. Alle arbeida ligg på førstesida, og sjølv om ein klikkar seg inn på ein sak, blir ein verande på framsida – men saken vert vist i sin heilskap i staden for den vetle teaseren som ligg framme. Dette gjer sida enkel å bruka, men det visuelle då ein går inn på dei ulike arbeida tykkjer eg kunne blitt gjort anleis. Det vert mykje å forholda seg til visuelt når dei andre arbeida ligg på same sida som det ein klikkar seg inn på for å sjå nærare på.

Oppbygging/design: Sida er bygd opp med ein enkel wireframe delt i fem vertikalt og få element. Logo, meny og arbeider oversiktleg på ei hovudside. Designen er minimalistisk med grått, svart og kvitt som gjennomgåande fargar, noko som gjer at arbeida får koma fram og fanga interesse.

http://www.nrksuper.no

Innhald: Dette er NRK si barneside, ei samleside for nett-tv, -radio, spel og nyhende.

Navigasjon:  Denne sida er bygd opp med fleire menyar, både øvst på sida, samt når ein har scrolla heilt ned. Det er også ein sidebar der ein kan gå inn på undersider som indirekte viser veg til nett-tv, artiklar, spørjeundersøkingar og anna. Det er mange nivå å forhalda seg til, og for eit barn kan det nok vera litt tricky å finna det ein leiter etter, eller finna tilbake til noko ein har vert inne på. Hovudmenyen øvst er likevel med på å gi ein grei oversikt, med illustrasjonar og utheva element/undermeny etter kor ein er på sida. Dersom ein er inne på sida for spel vert undermenyen rosa, og spelvisaren kjem fram, slik som den blå er på biletete over, med tilhøyrande nyhende-meny.

Oppbygging/design: Designen på denne sida er full av fargar – og fargane seier noko om kva kategori ein befinn seg innanfor. Det er med på å hjelpa brukaren til å vita kor den befinn seg på sida. Kategoriane er oppbygd på ulike måtar, ut frå kva innhaldet er. Nokon sider er bygd opp med lister, andre med alt innhaldet liggande på sida. Menybaren øvst og nedst er felles på alle sidene, og gjer at ein lett kan scrolla opp eller ned  og gå inn på ei ny side/kategori.

Det er mange element som «skrik» etter merksemd på dei fleste sidene -som lydeffektar og animasjonar, og gjer sida vel masete for min del. For barn er det vel midt i blinken…

http://www.noir.dk

Innhald: Denne sida har eg elska lenge, både på grunn av innhaldet og oppbygginga. Det er her klesmerket Noir syner kolleksjonane sine.

Navigasjon: Det er enkelt å navigera seg rundt på denne sida, med ein meny som heile tida ligg til grunn nedst på sida. Frå denne menyen kan ein lett klikka seg rundt på nivå1, samstundes som det dukkar opp ein logo til høgre på sida som får deg tilbake til framsida kva tid som helst.

Oppbygging/design: Sida er designa slik at ein ikkje treng å scrolla seg opp eller ned for å finna informasjon, alt ligg inni den gitte ramma for skjermen ein ser på. Som bakgrunn har dei her ein filmsnutt frå fotoshoot av ein kolleksjon, noko som fungerer godt med tanke på innhaldet. Fargebruken er nøktern og smakfull, og står i stil med innhaldet og bileta på sidene. Der det står meir å lesa enn det er plass til i vindauga, må ein scrolla internt i den aktuelle tekstboksen. Dette liker eg.

Dette er nok ei av mine favorittsider. Inspirerande i både oppbygging og innhald. Enkel å navigera seg rundt, og all informasjon ein treng ligg i footeren. Elegant!

http://www.nav.no

Innhald: Ein stor del av det me kallar velferdsstaten Noreg.

Navigasjon: Her er det mykje å navigera seg fram til, som ein ser på biletet over, kan ein trykka seg inn på ønska kategori i menyen øvst, eller ein kan søka seg fram til det aktuelle temaet i søkemotoren, og ein kan klikka seg inn på aktuelt tema allereie i kategoriane på framsida. Mange måtar å navigera seg rundt her altså, samt eit nettstadskart som ein kan lesa seg fram til destinasjonen i eit slags hiarki.

Uansett kva nivå ein befinn seg på, har ein hovudmenyen øvst, og ein kategorisk meny på sida. Det er også ein a-å-søkemotor på alle sidene.

Oppbygging/design: Dette er ei samleside med MYKJE informasjon. Det gjer at innhaldet blir sortert i lister, t.d. aktuelle skjema for kvar kategori ligg alltid i ein sidebar. Slike er resten av informasjonen bygd opp også, med eit hovudfelt for nyhende og aktuelle lenker i midten. Designet er haldt enkelt, det er få forstyrrande element, noko som gjer sida brukarvenleg til tross for all informasjonen som ligg her.

http://www.moviestarplanet.no

Innhald: Dette er ei underhaldnings side for barn, med mellom anna spel og chat.

Navigasjon: Det er ein meny i footeren som tar deg vidare til ei ny side. Denne vert opna i ei ny fane, eller eit nytt vindauga. Ellers er det ein meny for innlogging eller registrering til høgre. Resten er animajsonar og stillbilete.

Oppbygging/design: Sida er bygd opp på ein slik måte at ein får henta all informasjon ein treng via footermenyen, samstundes som framsida blir verande framme i nettlesaren uansett. Dette gjer sida enkel i bruk så lenge personen som brukar sida veit korleis ein navigerer seg frå fane til fane i ein nettlesar. Det er masse fargar og designet er fengande med illustrerande animasjonar som appellerer til målgruppa – jenter og gutar frå åtte til femten år. Sjølv om det er mykje som skjer på sida, er det ikkje mykje lenker som fører til andre sider. Dette gjer at sida er veldig brukarvenleg.

http://www.vitusapotek.no

Innhald: Vitus Apotek si heimeside, med nettbutikk og sjukdomsinformasjon – gjerne knytta til produkt dei tilbyr.

Navigasjon: Her navigerer ein seg rundt via toppmenyen, sidemenyen og i søkefunksjonen. Det er også to felt i bunn av sida som inneheld to menyar med ulikt innhald. Sidemenyen fortel alltid om kor du befinn deg i forhold til dei ulike nivåa på sida.

Oppbygging/design: Sidan dette er ei side som skal vera til hjelp for kunden og samstundes selja produkt, er det viktig at den er lett å navigera seg rundt i. Litt som NAV si side, der det er mykje informasjon, og fleire kategoriar. Sidemenyen gjer det enkelt å finna fram. Designet er lite framtredande, med få fargar og ein nøytral bakgrunn. På kanten til keisamt, men det fungerer.

http://www.rollingstone.com

Innhald: Rolling Stone er eit musikkmagasin med innhald som spenner seg frå politikk til musikk.

Navigasjon: Også denne sida har fleire måtar å navigera brukaren rundt på, med topp og bunnmenyar, sidebarar på begge sider, samt alltid headeren som alltid får ein tilbake til forsida.

Oppbygging/design: Oppbygginga er litt vanskeleg å gripa om, på grunn av at det er så mange element som kjempar om merksemd ser eg på sida som litt rotete. Eller rock «n roll, om ein vil. Ein kan klikka seg inn på sitemapen deira i footeren, og der ser ein at det ikkje er så rotete som ein først kan få inntrykk av. Ein del kategoriar å velja mellom, men ikkje så mange nivå under kvar kategori. På ei side som dette, med mange saker som skal fanga merksemd, er det viktig med ein kontinuitet i oppsettet. Wireframen er vertikalt tredelt, og skapar ei oversiktleg ramme likevel.

http://www.hegnar.no/

Innhald: Dette er ei side med nyhende om alt som har med kroner og øre å gjera. Finansavisen og Kapital og faktisk også Interiørmagasinet er magasin som kjem inn under denne sida.

Navigasjon: Her er det mykje å navigera rundt til. Det er ein søkemotor på hovudsida som tar deg vidare til aktuelle saker/sider, samt toppmenyar og bunnmeny. Søkemotoren er plassert på same stad på undersidene som på forsida, samt logoen Hegnar Online tar deg alltid attende til start. Dette gjer det enkelt å navigera seg rundt.

Oppbygging/design: Sida er bygd opp av artiklar, som er organisert i ein vertikal tredeling. Det virkar ikkje heilt konsekvent kor det er plassert artiklar, lister og anna knask (reklame, frontsaker i underkategoriane etc), men det kan ha med  nettlesaren/skjermen min å gjera. Men sjølv om ein noko «hakkete» oppleving av kor ting er plassert i tredelinga, gjer det ikkje noko med brukarvenligheten, utover ei visuell oppleving av litt uorden.

http://www.bylarm.no

Innhald: By:Larm er ein årleg musikkfestival i Noreg. På denne sida er det praktisk info om både dei som skal stå på scena og om festivalen.

Navigasjon: Denne sida er bygd opp med ein anleis meny – dei illustrasjonane som pregar høgresida på biletet over er lenker til die kategoriane som ein kan klikka seg inn på. Det er via denne tab navigasjonen ein finn det ein leitar etter på framsida, utanom at dei fleste nyhendene ligg fint sortert nedover klare til å scrollast til. Logoen er plassert på same stad på dei fleste undersidene, og tar ein tilbake til forsida.

Oppbygging/design: Sida har ein tydeleg innramma hovudboks øvst, der siste nytt og menyen ligg. Nedover er wireframen delt inn i tre vertikalt, i bunn er ein liten footer med sponsorar og kontaktinformasjon. Sida er fargerik og etter stilen å dømma er det Bendik Kaltenborn som står for årets fengande profil (dette finn eg ingen plass, men det kan ikkje vera nokon andre.. eller?). Ein leiken, overraskande og sprø profil, som treff meg midt i hjarta.

http://www.norskkulturrad.no

Innhald: Norsk Kulturråd forvaltar Norsk Kulturfond og er statens kulturelle rådgjevar og støttespelar. Samleside med mellom anna stipend og støtteordnigar innan kulturlivet i landet.

Navigasjon: Her er det igjen fleire navigasjonsmoglegheiter, med søkemotor og linær navigasjon. Det er ei side med mykje informasjon og som eit fast haldepunkt også her, er logoen plassert likt på kvar underside. Ein oversikt på undernettsider ligg i botn av sida, og er ein ok måte å koma til andre aktuelle sider i samme gate.

Oppbygging/design: Eg liker måten denne sida er bygd opp på. Wireframen har ein firdeling vertikalt, men innhaldet er også organisert i horisontale bolkar. Heile sida har ein behageleg geometrisk form, med rolige fargar og elegante løysingar. Sida er intelligent, kreativ og smakfull, og innhaldet er også veldig aktuelt for kulturutøvarar.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: