Refleksjon – intro til HTML og CSS

10 Jan

Eg har no tatt mine første skritt i denne kodeverda, og i grunn føler eg meg litt hjelpelaus.  Det er jo så inderleg mykje som er råd å gjera, men sjølve systemet er … litt rigid. Det er ingen rom for feil eller manglar.

Eg føler at CSS er min ven, men det er ein veldig eigen ven, som berre gjer akkurat det han/ho vil. Eg kan koma med forslag, men dersom det ikkje fell 100% i smak hjå CSS, vert ingenting gjort. HTML er også ein ven, berre litt stillferdig av seg, ein som ikkje er så veldig van med å gi – og det er jo heilt ok, men ein må jo gi litt av seg sjølv for at det skal kunna bli eit eviglangt venskap, må ein ikkje?

Eg aksepterer at ein må læra seg kodane for å meistra språket. Og ein må forstå språket for å meistra den nettbaserte kommunikasjonen. Og eg er overtydd om at dersom/når eg klarar å spikra eit feilfritt stylesheet og aligna alle elementa i eit html-dokument perfekt – då skal eg klara store ting.

 

………………………………………                  ………………………………………….

 

Eg nyttar notisblokk, noko eg tykkjer er heilt ok. Det har eg vert borti før, og eg merkar ingen konvertering av tekst – noko som sikkert ville gjort meg sprø.

Elles finn eg mykje lærerikt på internettet i tillegg til det leksjonane og pensum kan fortelja meg. Mellom anna har eg vert her; GUIDE på nynorsk, her; CSS og her; meir CSS. Det er ein del kodar… men sjølv om dei viser døme på korleis koden skal skrivast, er eg innimellom usikker på KOR eg skal skriva det. Eg har merka meg at enkelte sider er utdaterte, då det – slik eg oppfattar det – vert mindre føringar, ja, nesten INGEN FØRINGAR i HTML, medan all styling og formgjeving skal leggast i CSS.

 

Her er iallfall mitt vetle stylesheet til den strålande indexsida mi som eg har skrive om her; INDEX.

 

Eg fekk forresten aldri til å gjera teksten min justyfied.. noko som skal gjera at teksten held seg til ytterkantane og «drar» i orda slik at all tekst dannar ein firkant. Altså ingen liner kortare enn andre (utanom der avsnittet endar). Det MÅ eg få til etterkvart. Men i dette høve var det ikkje prikært.

 

Gler meg til å stiga inn i dreamweaver. Trur eg kjem til å lika tabellar.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: