Grap – LOGOvariasjonar

3 Nov

Dette er ein versjon som spelar veldig på skulpturen Samspel, mjuke former, her i blått. Ein estetisk behageleg logo, som symboliserer ro, menneske, letthet, samspel.

Her er ein anna variant av logoen. Denne er meir kraftig, byggjer meir på tradisjon, rot-tre og gamal symbolikk. Denne er harmonisk og tidlaus, rom for stor fargevariasjon. Inkluderande.

No er eg inne på noko nytt. Denne kanskje litt rotete logoen symboliserer spire, noko positivt, check-teikn. Ein positiv form på spira, som er ein liggande K. Handskriven tekst inni den nedste streken, samt illustrerande symbol for kulturskulens kreative greiner. Ein logo som veks i tyngde hos meg, stay tuned, det er meir som gjer denne riktig.

Dette er nemleg kommunevåpenet i Kvinnherad. Blått, fint og ser jaggu ut som ei spire med den rette designen (og ikkje eggleiarar - som eg eigentleg får assosiasjonar til....)

For sjå her! Ein kan tydeleg sjå samanhengen til kommunevåpenet i den blå versjonen. Kanskje ikkje veldig eksplisitt, men det er der. Elementa på notelinene kan nyttast på dei andre trykksakene også, og i det heile tykkjer eg denne har potensial.

Advertisements

2 kommentarar to “Grap – LOGOvariasjonar”

  1. foxylita november 4, 2011 kl. 6:16 pm #

    Synes helt klart att den basert på våpenskjoldet var mest interessant. 🙂 Vil anbefale å forenklet den litt til, med å fjerne den illustrative delen. (Den var fin da, og kan brukes som tillegg til logo når det trengs og til annet som du nevner.)

    Både den øverste og mellomste er fine symboler. Det burde enten vært mer skygge eller ingen i det hele tatt på den øverste. Synes det var lite synlig. Kan også bli problemer med noen typer print ved så smale områder. Er også usikker på fonten på den øverste da jeg har sett den i bruk til mye forskjelligt. I mine øyne er den blitt litt oppbrukt.

    Det var noen meninger om forslagene dine. Jeg er under opplæring selv og synes det er kjempespennede. 🙂

    Du har gjort en god jobb. 🙂

    • Jorun november 4, 2011 kl. 7:01 pm #

      Takk, både for innspel og ros 🙂
      Eg har heldigvis ganske god tid på meg til å justera, endra og bestemma meg for design til logoen, og eg er klar over fleire av elementa du nevner. Den øvste er, eller var i utgangspunktet tjukkare og lavare, der også skuggen kom betre fram. Dette er berre ein variant av den varianten, for å sei det slik… Eg har mange å ta av!
      Fonten er heller ikkje veldig gjennomtenkt, men den var ein av dei mest leikne, samstundes som den var seriøs, men det er fleire slike, so det skal eg ta med meg vidare.

      Og den logoen du trekker fram som din favoritt var ikkje særleg framtredande hos kunden på sist møte, det var dog ein som smakte på den, og kanskje følte at den kunne vera noko. Eg kjem til å vidareutvikla den, og då laga variantar både med og utan illustrasjonane nederst. Eg er samd med deg om at det vert litt mykje greier MED illustrasjonane, men den kan nok nyttast på eitt eller anna vis 🙂

      JA! Veldig spennande dette. Eg er psyked!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: