Oblig 4 – Layout; ei innleiing

28 Sep

Det vert mange innleiingar no, når eg har både grafisk eksamen, obligatorisk oppgåve i layout og grafisk mappe på G. Eg sjonglerar alle tre oppgåvene samstundes etter beste evne (noko eg har blitt fordømt god til etter mange år med i-siste-liten-innhenting, men som eg no kan gjera nytta av sjølv om det ikkje er i siste liten, liksom).

Så her er altså innleiinga mi til Layoutoppgåva.

Eg skal laga eit portrett av ein lokal fotograf som driv eiga verksemd, Ivar Langeland. Han tar alle slags bilete, og har ein del erfaring etter kvart. Veldig positiv til å stilla opp, so det var jo veldig kjekt. Bankers.

Sjølv om eg av erfaring veit at eg ikkje er særleg konsekvent på å spørja dei spørsmåla som eg har i neven når eg kjem i prat med ein portrettkandidat, har eg klar ei heil side med moglege spørsmål. Eg har gitt beskjed om at intervjuet kjem til å dreia seg om hans yrke og vegen han har gått frå han byrja interessera seg for foto, til i dag. Eg har også fått tommel opp på at eg får nytta nokre av bileta hans i magasinet, so alles gut, alles gut.

Intervjuet skal skje denne veka, so då har eg nokre fine veker etterpå til å forfatta (erfaren portrettskribent, so det skal gå finfint) og komponera ein kul layout i Blunk. Samt legga det inn i den grafiske mappa, sjølvsagt (sidene i InDesignfila mi står klare til å bli fyllt med denne).

Eg har teikna nokre sider med skisser til Blunk-logoen, og dette kjem eg til å legga ut etter kvart. Eg fekk artige assosiasjonar då eg sette meg ned og tenkte – smakte på ordet, så det kom fram ein del ulike forslag… Stay tuned. Eg er nøydd å leika litt i illustrator før eg er klar til å bestemma kven av kandidatane mine som går vidare nemleg.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: