Curb Magasin – layout

18 Sep

Etter å ha fomla litt i InDesign fann eg ut at eg hadde prioritert litt feil med tanke på tekst vs. bilete. Det er vel noko ein får i fingrane etterkvart som ein brekker sider, men eg hadde iallfall lagt ein disposisjon for sikkert det dobbelte av den teksten som var gitt.

Dette resulterte sjølvsagt i at eg måtte blåsa opp bileta mine meir enn eg hadde gjort i skissene, samt at eg måtte legga til nokre bilete.

Eg byta også om på fram- og bakside, då eg tykte det vart meir korrekt og iøyenfallande. Meir smakfullt og berre eit betre blikkfang. Mogleg på grunn av symmetrien?

Layoutstilen eg ville gå for var ei blanding av symmetrisk og asymmetrisk, då eg rett og slett likar den typen layout best, og sidan målgruppa er slike som meg, som interesserer seg for design, kunst, trender og stil. Det er ein sprek layout med mange moglegheiter, litt laust og ledig. Feel og flow, liksom.

Eg ville også ha det blå som hovedfarge, og la difor nokre blå tekstboksar rundtom på sidene, samt gjorde ørna om i Photoshop slik; treshold satt til 58, fjerna litt «støy» rundt fuglen med å fargelegga det kvitt, valte dei svarte konturane på ørna, kopierte selection og la den over i nytt layer, som eg deretter fyllte med ein blåfarge eg fann i bok-fila, som tilslutt gjorde seg som bakside i magasinet mitt. Blåfargen har desse CMYKverdiane: C: 86 – M: 60 – Y: 0 – K: 0

Også CURB-logoen fekk seg eit fargebyte i «bobleområdet» bak hovudet, og havna sjølvsagt på den same blåfargen som nevnt. Blåfargen gjev eit kjølande og behageleg uttrykk i magasinet, noko eg tykkjer bidrar til ein fresh feeling som underbygger både layoutstilen eg har valt og stemninga i magasinet.

Som fargekontrast passa Andy Warhole si banan veldig godt inn, samt bileta av dei søte små grafittimonstera som inneheld ein del rosa. Ellers er fargepaletten noko nøytral for å ikkje skapa for mykje rot.

Framside og bakside har fått Grafittitekstur-fila til bakgrunn, som eg har senka opacity til 60. Laget, eller elementet over sette eg til multiply, slik at det vart gjennomsiktig og fekk eit meir kult uttrykk. Curb-logoane har eg lagt på topp med darken-effekt på transparency, slik at dei kjem greit fram samstundes som dei glir i hop med resten av elementa.

Guidlines la eg inn på seks rader(rows) med 24 points i mellomrom (gutter). Desse har eg berre hatt som retningsliner, og ikkje fylgd dei til punkt og prikke. Greie å ha som utgangspunkt!
Teksten eg har nytta i tekstboksane er Junglefever, større skrift på side 4 (blikkfang på retorisk spørsmål) er Orator Std, og brødteksten er skriven i Eras Light ITC. Storleiken sette eg til 10, og linjehøyde 12. Eg valte desse fontane grunna min hovedide om at layouten skulle vera lett og leiken, ha litt humor og chill-faktor. Samtidig står Junglefever i fin estetisk kontrast til dei to andre fontane, som er slanke og uhøgtidelege.

Her er nokre screenshots frå sidene. Baselinegriden viser ikkje sidan eg hadde bileta på mindre enn 75% storleik når eg trykka prtsc, men den ligg i botn altså.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: