Magasincover – symmetri, asymmetri eller ein kombo?

31 Aug

Her er døme på cover med symmetri. Vakkert. Eg finn desse behagelege å sjå på, harmoniske og innbydande. Som eit stilleben i kunst gjev det rom for tankar, ei stille stund og det spelar på balanse. Nesten som yoga. Zen.

Det desse covera moglegens manglar – noko som igjen spørs etter kva formålet med coveret er; skapa spenning, forventnad, fanga interesse og vidare – er spenning. Det er sterke cover, men dei kan verke litt keisame, sjølv om dei er innbydande. Dei kommuniserer styrke og femininitet, medan dei neste her er meir leikande og glade. Happy days! Det er asymmetri!

Her er modellane i fokus, men ikkje plassert balansert i høve til formatet på sida. Teksten står plassert meir i høve til modellen enn til formatet, noko som gjev liv til coveret. Fargebruken er avgrensa, noko som bidrar til ein viss «ro» over covera likevel, sjølv om både tekst og bilete gjev eit veldig bevegeleg eller dynamisk uttrykk.

Mellom borken og veden finn ein både symmetri og asymmetri i skjønn (?) foreining.

Her er teksten symmetrisk på tre og biletet symmetrisk på det eine. Forutan ho som sit i bosspannet (og som sikkert har hatt ein lang dag, og lengtar etter helg og kanskje eit varmt bad) som har litt tekst som står i forhold til biletet og ikkje formatet på sida. Det er spanande med variasjonen i kva som vert balansert i høve til kva, og eg er personleg veldig tiltrukke av denne komposisjonsmåten. Kanskje fordi det gjev designeren ein ekstra utfordring med layout?

Eg er svak for design som bryt reglar, eller som lagar nye reglar. Samstundes tykkjer eg det er veldig tiltrekkande med stram komposisjon og tydeleg layout. Tankane eg har gjort meg no må eg for all del ta med meg vidare når eg lagar layout sjølv. Kva vil eg formidla? Kven er målgruppa? Og kanskje, ikkje minst, kven er oppdragsgivaren… sjølv om den er fiktiv, bør den vel vera realistisk.

Til slutt litt historikk. Retro og funky. Funkyfabulous! Feisty!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: