Høstutstillingen 2011 – ein invitasjon.

25 Aug

Huh. No har eg knipsa mange bilete i dårleg lys, men det som tel er vel sluttproduktet? Også der har eg bomma ein heil del, so eg må nok laga meg ein versjon2, slik at eg får alt på det rette. Men som førstegangs-InDesigner, tykkjer eg at eg klarar meg bra. Men steike for eit verkty! Ein labyrint. Får vel berre gjera meg kjend der inne – først som sist – for layout er spanande! (Frøken positiv strikes again!)

Men her er altså det er har gjort.
1: eg folda fleire A4 ark på måtar eg tenkte kunne vera enkle, dog interessante. Det vart mykje møkk her… men eg gjekk for ein av brettingane mine og teikna ideane mine ned på papiret.

2: eg fann ut at eg ville gjera det geometrisk og gjekk enkelt og greit for strekar, firkantar og heile eller halve rundingar. Også fonten måtte passa til geometrisk design.

3: eg ville at mottakaren skulle bli dregen inn til det som var essensielt, altså programmet – informasjon om utstillinga (eller noko i den dur), og ville «lekka» litt og litt informasjon for å halde på spenninga (Det er som å opne ei gåve der du finn nye gåver inni gåva, superdupergøy!).

4: eg samla ideane mine til den grove skissa med blyant og papir.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ikkje dei beste bileta mine dette nei… Men dei gjev eit inntrykk.

Deretter klurte eg til nokre greier i InDesign, etter å ha lese pensum og kikka på nokre videoleksjonar. Eg måtte prøva meg før eg fekk pløydd gjennom alle, so eg kan nok ha vore utan viktig informasjon om ID når eg løyste oppgåva. IK!

Men etter ein heil del om og men, og nokre timar med pønsking, fekk eg til dette!!!

Med retningssans som ei geit vart eg ekstra kry når eg fekk til å printa det ut på eitt ark akkurat slik eg ville det skulle – på første forsøk!! Det som vart litt pinlig var jo at eg hadde bomma med bådebrettekantar og kolonneavstandar. Det er dette eg skal fiksa opp i, før eg vert heilt nøgd. Ein gir seg jo ikkje på tap heller.

Men slik vart altså invitasjonen min ferdig printa og bretta:

Her er praktdøme på kor stygt ein kan bomma… Men undrar om eg ikkje har bomma på heile dokumentstorleiken. Brettemerka skal vel ikkje visa?! Jaja. Det vert likar no.

(Font brukt i invitasjonen: Caduceus)

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: