Illustrasjon – oblig3

14 Jun

No har eg tenkt og jobba i fleire veker. Lenge visste eg ikkje kva tekst eg ville illustrera, og nytta lange timar på å bestemma meg. Når eg endeleg fann den perfekte låt, nytta eg nye, lange timar på å komprimera all min inspirasjon og rydda i alle ideane mine, slik at komposisjonen min ville bli enkel og talande. I dag har eg samla mine idear, skisser, arbeidsdokument, bilete, blitt inspirert på ny, og til slutt – the grand finale!

Eg har laga ein illustrasjon som skal fungera på eit cd-cover. For å bestemma meg kva format eg ville gå for, laga eg enkelt ei for – mot liste. Lister er bra. Eg såg då at det naturlege valet ville vera eit cd-cover. Mykje grunna at det var eit naturleg val sidan det er ein låt eg har valt å illustrera. Lenge ville eg gå for plakat, på grunn av alle mine idear – som eg på ingen måte såg for meg kunne passa inn på eit format i storleik 12x12cm, som er standard cd-cover format.

Men no sit eg altså med eit cd-cover til låta Mrs. Innocence. Eit låt skriven og framført av gruppa Margfolket, som befinn seg i eit jazza folkpop landskap, der melankoli, minner og draumar er viktige element. Dette var noko av det som fanga interessa mi då eg fann ut at eg ville illustrera nettopp denne låta.

Mrs. Innocence

She went out to get some magic cigarettes
She gone drifting her head in the clouds, then they blew away
What goes up must come down one way or another
It’s the same every time, wheels within wheels

Trying to lose that Sunday feeling
Friday nights are way too long for her to leave it alone

Tongue tied, hands trembling, her bed is sailing out
On the seas of woe, she’s sinking slowly, heading for the bottom
And the colours are fading, her life seems all black and white now
Wishful thinking, the best way to go down

Find an excuse, Mrs. Innocence
Like a child you never learn ’till the damage is done
Trying to lose that Sunday feeling
She has fallen in between and the river says:

Long gone, yes it’s long gone,
I guess it’s long gone, Mrs. Innocence

Etter å ha analysert teksten og henta ut den bodskapen eg meiner er vesentleg – kontrastane i livet; leva – dø, godt – vondt, freistingar – måtehald, born – vaksen. Men ikkje berre kontrastane, også korleis ein møter motgong og medgong.

Eg vart dregen mot å portrettera Mrs. Innocence her self, og utfrå første line i sangen; She vent out to get some magic cigarettes, gjekk eg for problematikken i det å vera avhengig. Men som teksten også seier, so veit ho ikkje kor gale det er, før skaden er gjort. Difor gav eg ho ein litt gi-faen-attitude, som i tillegg står i ein spennande kontrast til tittelen på låta.

I teksten står også » the colors are fading, her life seems all black and white now», noko som fekk med til å velga å laga ein svart-kvit illustrasjon. Sidan stemninga i låten er draumande, dramatisk og litt mystisk, valte eg å ta med noko lilla i illustrasjonen min. Lilla er ein farge som understreker dette mtp fargesymbolikk. Akkurat dette visste eg ikkje korleis eg skulle løysa heilt med ein gong, men det falt på plass då eg delte opp illustrasjonen min (she has fallen in between) med ei «kløft» og ein kopiert mrs.-versjon med mindre fill. Då fyllte eg bakgrunnen med ein djup grålilla farge, og la på ein lens flare, slik at det vart meir magisk.

Det at eg har eit ekstra lag med jenta ynskjer eg skal formidla at ho held på å forvilla seg bort frå seg sjølv. Kall det sjela hennar, minnet av den ho var som lita jente, ideane om kven ho ville verta – det vert meir fjernt jo meir avhengig. Men dette er altså MINE tankar for KVIFOR eg gjorde det slik. Eg ynskjer sjølvsagt at det skal vera ope for andre tolkingar også.

Mykje tekst her… Slik vart illustrasjonen;

Eg har redigert teikninga i ps, lagt på litt higlights og framheva kontrasten mellom svart og kvit. Eg valte å gjera dette på grunn av mitt val av svart-kvit illustrasjon. Derav kjem også stilen med teikning inn. Eg ville ha ein litt grov illustrasjon, og det får ein fram med blyant. Ein anna grunn er sjølvsagt at eg har eit nært forhold til teikning, og ville nytta evnene mine her som det var ope for ei slik løysing.

Når eg tar eit skritt attende og ser på coveret mitt blant andre cover, tykkjer eg det skiller seg ut. Det talar om melankoli, stillhet og nakenhet eller det å vera sårbar. Det fangar merksemd, men eg kunne kanskje gitt illustrasjonen eit meir ekspressivt/aggressivt preg mtp uttrykket til jenta, fargeval og nytta ein font i staden for handskrift.

MEN. Utfrå planen min, og det eg ynskjer å formidla, tykkjer eg at illustrasjonen min klarar å formidla det eg ville.

Inspirasjon;

http://www.margfolket.no/

DamienHirst - Human skull in space

Kjell Erik Killi Olsen - Fra genanse og verdighet

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: