Bilettema

12 Jun

Atter ei øvingsoppgåve dette, på vegen mot å bli bevisst biletspråk og bodskap. Me kunne velga ut frå ulike tema, og eg falt på masseøydelegging. Tykkjer det berre veltar seg over verda på ulike måtar, og når det både er naturkrefter og menneskeskapte farer som kjem utav kontroll – då er helvete laus.

Eg har difor henta eit foto frå Japan, då dei sleit som verst tidlegare i år. Øydeleggelsane som er aller verst ser ein vel ikkje på foto, men inni dei menneska som vart råka. Her er dog eit som snakkar masseøydelegging.

Dette biletet er bygd opp med horisontale og vertikale liner. Menneska som har fått øydelagt heimen sin er i forgrunnen, med den raude kofferten som eit fokuspunkt. Det er nok tilfeldig at kofferten er raud, men den vekker oppsikt og i denne komposisjonen assosierer eg med alarm og, eller naud.

Huset i mellomgrunnen ser ut som ein installasjon, kledd i ruinar. Nesten som ein dårleg spøk. Alle plankane og husrestane som ligg spreidd rundt på heile området er stille vitne til herjingane som har skjedd, og fører med seg eit preg av noko livlaust, tomt og stille.

Skogen og den blå himmelen i bakgrunnen er det konstante. Naturen bringer håp og er med på å føra tankane over på at livet går vidare. Blåfargen er med å forsterka roen i biletet. Ikkje naudsynt ein behageleg ro.

Dette fotoet er eit bilete frå nyhendene i Japan, og er slett ikkje av dei verste ein kunne ha putta i masseøydeleggingskategorien. Eg tykkjer likevel det høyrer heime der, men biletet ber også med seg ein bodskap om håp og ei ny framtid. At menneska er på veg mot venstre kan gje inntrykk av at dei er på veg attende, og det er på ein måte det dei er. Dei må tilbake til start og trilla terning igjen…

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: