Bildeanalyse

3 Jun

Eg har valt å analysera dette biletet i denne øvingsoppgåva;

Her er elementa eg har lagt mest vekt på i min analyse:

Halvbilde – menneska i fokus, bakgrunnen som er tatt med gir eit bilete av omgivnadane. Menneska vert oppfatta som ei gruppe – altså dreiar det seg kanskje om eit heilt folkeslag? Bekymra andlet og kroppsspråk som tydar på at dei ventar på eit nytt åttak, gode/dårlege nyhende, usikker framtid eller liknande – noko som gjer dei bekymra.

Asymmetri – menneskegruppa er oppstilt diagonalt, over halve bilete. Forsterkar inntrykket
av kaos og, eller uvisse. Muren i mellomgrunnen skapar likevel ein balanse i biletet.

Vinkel – biletet er tatt frå ein vinkel som gir oss eit inntrykk av omgivnadane. Sidan vinklane dreg oss bakover i biletet, gir meg som sjåar ein slags oppslukande verknad. Ein vil ikkje tillata seg å bli slukt inn i ei usikker framtid, ikkje frivillig iallfall. Det gjer at eg ser på denne gruppa menneske som offer. Inngjerda og dømt til å tre inn i framtida – inngjerda og dyster.

Kontrast – Kontrasten i biletet er med på å understreka bodskapen, som eg meiner er uvisse om framtida og fråveret av tryggleik. Menneska står i kontrast mot muren, dei store mastene – element som er menneskeskapt, men som verkar truande i denne komposisjonen. Det at biletet er i svart-kvitt er også med på å forsterka kontrastane her, samt å gi biletet eit tidlaust preg. Stemninga i biletet vert også forsterka med mangel på fargar. Eg førestiller meg at menneska ville hatt ein varm glød i huda, og at heilskapsuttrykket ville blitt ”lettare” dersom det var eit fargebilete.

Her har eg teikna inn litt forklaringar på det eg oppfattar som viktige liner for komposisjonen;

 

 

Biletet er frå Peru, eit land som har slitt med korrupsjon og nedtrykte menneskerettighetar over mange tiår. Dette søkte eg opp etter eg hadde gjort analysen min, og underbygger min oppfatning av biletet.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: