Sesongmønster – ei øvingsoppgåve

24 Mai

No har eg jaggu lagt mitt første mønster. KJEKT! Kanskje ikkje det mest originale eller unike, men då oppgåva var å ta utgangspunkt i bileta eg tok til «blenderopning – nærbilete», var det dette eg hadde til rådighet. Slengte også på eit lite sitat av Bjørnstjerne Bjørnson; Jeg giver mitt digt til våren, sidan det er so vakkert sagt og sidan min sesong er vår.

Bileta eg tok utgangspunkt i er dei av jordbæra og kvitveisen i innlegget under. Eg opna dei i illustrator og teikna i eit layer over med pentool. Eg teikna dei to kvitveisane kvar for seg, og la dei inn i eigne dokument, der eg jobba vidare med dei. Eg ville ha ei rein vårstemning i mønsterrapporten min, so eg gjekk for lette pastellar, medan kvitt og grått vart bakgrunn og kantliner.

I fargeprosessen nytta eg enkelte artistic brushes for å få fram meir feelingen av vår og letthet. Dette gjorde eg i stilken på den eine blomen, skugge på jordbæret og i teksten.

Teksten er mi eiga handskrift, skrive i kladdeboka mi, scanna inn på pcen, opna i illustrator og vidare har eg teikna oppå med pentool, slik som eg gjorde med dei andre motiva. Tykkjer det er ein veldig ok måte å jobba på, og det er veldig greitt å kunna skjula dei lagene som ein ikkje vil ha framme, samstundes som det er veldig greitt å ha eit utgangspunkt til formene ein vil ha fram.

Fargepaletten min er denne:

Her er elementa eg har med i mønsteret mitt:

Sitat av Bjørnstjerne Bjørnson

Desse elementa sette eg saman i photoshop. Først laga eg eit utgangspunkt med teksten, ein blom med stilk og to av den andre kvitveisen, berre i ulik storleik. Når eg hadde klipt og limt (som videoleksjonane viste på dugande måte), putta eg på ein forminska kvitveis med stilk og jordbæret i det opne rommet, slik som dette:

Deretter gjekk eg inn på define pattern, opna ny fil som var tre gonger så stor som den eg hadde jobba i, laga ein markering over heile det nye dokumetet og fylte det med mitt nye pattern 🙂 Lett som ein plett!

Og slik som dette vart resultatet. Eg er nøgd. Dette må eg gjera meir!

Ferdig mønsterrapport!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: