5stegs forløysande oppgåve

11 Mai

Eg har jo allereie posta min digitale logo PAVO, so dette innlegget tar oss med behind the scenes!

Dei fem oppgåvearka som følgde med øvinsoppgåva printa eg ut, og hadde kun fokus på det oppgåvene sa, trinn for trinn.

Ark 1 gav meg orda Animasjon, Luring, Sjøhest og Isbre. Det var mange flotte ord som dukka opp i wikipedia, og berre dette gav meg mykje inspirasjon og kreative input. Ta desse orda til dømes; illusjon, krøllet, bevegelse, spøkefugl, indre deformasjon, vrangbilde. Vakkert!!!

So far – so good.

Ark 2 var hakket meir tricky. Ikkje på grunn av at oppgåva var vanskeleg, men fordi eg måtte bryta ned mønster til geografiske former. Det kom ikkje heilt av seg sjølv, spesielt ikkje på slutten, so her må det øvast. Denne type oppgåver gjev jo øving i kreativitet, noko som alltid vert godt mottatt.

Ark 3 spant vidare på nr 2, og fungerte for meg som ein forlengar. Altså slutta eg ikkje med å få symbol og teikn i hovud og på papir, men eg assosierte vidare der i frå (til evigheten og forbi).

Ark 4 vart mitt mest forløysande steg med tanke på løysinga av sjølve oppgåva – med å finna fram til logo og identitet til ein av produkta sjokolade, iskrem, frokostblanding eller sportsdrikk. Eg hang meg greitt opp på omgrepet eg hadde funne opp på ark 3: MOTESAFARI.

GUD, so eg spant vidare på motesafari. Kva det kunne tyda, korleis det kunne illustrerast. Eg bobla over av idèar som eg skissa ned.

Ark 5 gjekk ut på å gjera grundigare skisser av idèforslagene mine, og her prøvde eg ut ein del ulikt, noko som kanskje kunne blitt bra, men eg hadde vel allerede sett føre meg korleis eg ville jobba vidare i illustrator. Påfuglen, med sine fargar og fantastiske fjør vart vinnaren, noko eg framleis er nøgd med.

Her er nokre av skissene mine.

Likte i grunn godt uttrykket «å slikka sol» ganske godt, og fekk jo ein ganske artig illustrasjon utav det. Men eg trur eg gjorde rett i å la det vera som ein fin idè. Som logo ville den blitt for illustrerande, tatt fokus bort frå produktet og namnet.

Difor gjekk eg for PAVO – påfugl på spansk.

Etter å ha diskutert litt på Moodle om kva som gjer ein logo GOD, har eg fått augo opp for at ein logo må gi rette assosiasjonar, elles vert den vanskeleg å svelga. Like vanskeleg å svelga som FRP sitt blanke logoeple…
Assosiasjonane spenner seg frå typografi, fargeval, komposisjon, ALT! Til å vera eit lite kjennemerke, skal ein logo jommen innehalda mykje informasjon.

Denne måten å arbeida på opna nye vegar å gå mot målet. Inspirasjon kan finnast over alt, men det er meir spanande å gå ein utradisjonell veg for å finna ei original løysing. Eg kan nok godt koma til å nytta ei slik forløysande oppgåve dersom eg sit fast i min kreative prosess, eller dersom eg føler eg må tilføra arbeidet mitt noko ekstra.

Eg kan dra parallellar til slike… finn boka som ligg nærast deg-slå opp på side 14 og skriv ned den femte setningen-«kjede-meldingar». Artig og litt tilfeldig. Gjer nok at ein unngår ein del klisjear og selvfølgeligheter trur eg. Eit godt verkty.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: