Øvingsoppgåve – digital logo

10 Mai

Etter å ha jobba intenst med 5stegs forløysande oppgåve, vart dette mi løysing på den digitale logoen. Eg valte å konsentrera meg om ein is – sikkert på grunn av det varme vêret – og ut i frå skissene og idèane eg fekk frå 5stegs, var det påfuglen som trekte det lengste strået. Eg ville ha ein logo med gode fargar, og eit særeige symbol – noko eg fekk med ei påfuglfjør og runde former i fonten.

Bokstavane vart til ut frå elipsar, sidan eg ville at Aen – den innerste forma i fjøra – skulle gli inn. Eller omvendt; at dei andre bokstavane skulle matcha Aen. Noko eg tykkjer eg fekk til greit.

Målgruppa for denne isen – Pavo – er sjølvsagt born. Difor ville eg ha fram noko teikneserieaktig, og laga «auge» til bokstavane P og O, i staden for kvite hol. Sidan påfuglen har «auge» i fjørene sine, fann eg ut at logoen vart meir balansert dersom eg hadde nokre auge utanføre symbolet mitt. Eg funderte litt på korleis eg best kunne laga balanse, då eg ville nytta fjøra til bokstav nr. 2. Då var det jo ein bokstav som stod att åleine på eine sida, medan V og O sto og lo…. på den andre. Med «augene» utanføre, vart ikkje dette eit problem.

Sidan me skulle ta med prinsippet kontrast i løysinga vår, prøvde eg meg fram til ulike måtar å få dette fram i logoen min. Her vart det ein del eksperimentering for å observera kva kontrasten mellom dei ulike elementa har å seie for sjølve bodskapet, og korleis ein oppfattar logoen. Men eg enda faktisk opp med å ikkje nytta noko stor kontrast. Fargespelet går mellom blått og grønt, og eg fann ut at logoen vart vèl so artig utan kantlinjer, som med.

Logoen min er dermed ikkje særleg kontrastrik – det er fråveret av kontrast som gjer at logoen viser at eg har jobba med prinsippet i løysinga mi.

Eg enda altså opp med å ta desse bort, stort sett over alt – og berre «augene» fekk behalda sine. Her laga eg ulike storleikar, både på augene og på kantlinjene rundt. Ein effekt som gjorde at eg fekk ein ørliten dybde i logoen (svak ring – fjernt objekt, sterk ring – nært objekt).

Namnet – Pavo – tyder påfugl på spansk. Eg valte det grunna eg hadde påfugl som utgangspunkt, og det viste seg at bokstavane var estetisk fine saman, samt at dei gav meg rom til å leika med A og V sin symmetri.

Her er dei i CMYK og Grayscale. Og ein i grayscale på mørk bakgrunn.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: