52 ok fotos

8 Mai

No har eg nettopp gått gjennom mitt veksande fotoarkiv til fotooppgåva vår. Det ligg over 50 fotografi ferdig arkivert, og eg kan enno supplera med nokre til.

Neste helg ser eg på som ei gåve frå høgare makter, då eg skal på tur – kall det ein romantisk ekskursjon – til vakre Bergen by. Staden i mitt hjarta. Renkar med eg kjem der i frå med fullt (fulle) minnekort, ei håndfull gode opplevingar og er ferdigfjast på byliv til neste gong. Blir herleg! Håpar vêret er med meg. Planen er iallfall å få fyllt opp i fotoarkivet mitt når eg er heime att, so då vert det sikkert ein ny smakebit. Ein ny smakebit, sidan eg først har tankar om å posta ein smakebit no!

Dette herlege biletet er frå ein varm vårdag av vetleguten min, Gaute. «Ta bilde av meg då, mamma!!» Fell naturleg inn i mappa #menneske.

Dette er eit utsnitt av eit gamalt hjul. Har fleire variasjonar av dette, både med farge og utan, med meir fokus på  lys og skugge og anna fokus. Ganske fint motiv tykkjer eg! Kategorisert under #form.

Og til slutt eit bilete i kategorien #dyr. Her ein sprell levande knorr, som me støtt får i garnet. Artige fiskar, og sidan eg har med meg kamera over alt om dagen, vart denne krabaten cought on tape.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: