Fargeblanding – ei øvingsoppgåve

3 Mai

Her kjem mitt resultat av fargeblandingsoppgåva. Me skulle nytta to komplementære fargar, og eg valte blått og gult. Med alt utstyr på plass sette eg i gong, og la ulike valørar og fargar i kvar av mine 5x5cm ruter (på eit A3 ark). Slik vart det;

Ein del av oppgåva var å gje biletet ein horisont. Det vart for meg naturleg å ta utgangspunkt i sjø og sol, og laga ein slags solnedgongshorisont. Eg valte å «skilja» den reint gule og blå valøren, i kvar sine trekantar, og heller blanda valørane med hhv kvitt og svart i eigne trekantar (altså svart, gult og blått øvst og kvitt, blått og gult nederst).

På fotoet av løysinga mi ser eg at det er enkelte valørar som ser veldig like ut, men dei er altså ikkje det, sjølv om eg ser at eg godt kunne gjort større forskjell nokre stader.

Oppgåva  gav meg ei stadfesting på at jakta på den perfekte valør kan vera temmeleg vrien. Det er jo eit hav av nyansar av kvar farge, og kvar valør gjev ulike inntrykk og stemningar. Eg har vore fascinert av fargekart i butikkar som sel måling so lenge eg kan hugsa, og tykkjer det er utfordrande å finna dei rette fargane til dei ulike formåla. Reknar med dette er kunnskap som set seg etterkvart som ein prøver seg fram, samstundes som fargar jo er ein smakssak, og ikkje minst motesak. Trur eg må få tak i nokre nye fargekart snart… 🙂

Her har eg laga ein illustrasjon på korleis eg delte arket inn i fire trekantar, berre for å gni det inn;

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: