Oblig 02 – Ein logo tar form.

2 Mai

*********************************************************************************************

pikant (av fr. piquant, til piquer, stikke), dristig, våget; eggende, pirrende.

pekannøtt, Carya illinoinensis, en oljerik, valnøttlignende frukt oppr. fra USA. Brukes som spisenøtt, i iskrem og konfekt, og har en mild, søtlig smak.

kaffe, kaffebønner, frøene til kaffetreet, Coffea arabica, oppr. fra Ø-Afrika, og nærstående arter. Inneholder koffein. Frøene ligger i et saftig, rødt fruktkjøtt som fjernes. Deretter tørkes de og brennes. Dyrkes mest i Mellom- og S-Amerika.

sjokolade, nærings- og nytelsesmiddel fremstilt av kakaobønner som røstes (oppvarmes), knuses, og tilsettes sukker, kakaofett, lecitin, vanilje og ev. tørrmelk (melkesjokolade).

*********************************************************************************************

Desse elementa har eg samla til min sjokoladelogo (nei, det vart ikkje nomnom, det får bli ein anna gong); Nysatsinga PICA. Eg har somla rundt det namnet ei stund no, og har mange assosiasjonar rundt det. Eg ville ha eit namn som sa noko om innhaldet i sjokoladen, samt om smaken. Altså ein nøttesjokolade med eksotiske innslag av kaffe og eit hint chilli (eg masar vidare om chillien jah! Smakt chillisjokolade? Alle bør smaka chillisjokolade. Eventuelt chillikakao. NAMMIS!!). Som det står skrive i Caplex om pikant – dristig og pirrande.

Akkurat slik er det jo med sjokolade også, eit naturleg afrodisiak som triggar nytelsesnervene våre. Ingenting betre enn det!

Det er her eg når inn til forbrukarane også. Målgruppa er folk som elskar livet og som grip dagen og augneblinkane. Og som ikkje nektar seg å nyta, men som tar i mot alle goder livet har å by på. Som sjokolade!

Og over til fargane. Eg vil også ha fram det naturlege i sjokoladen min, og går for grønt. Sidan raudt er komplementærfargen til grønt, satsar eg på ein bruntone i den raude fargeskalaen. Eg har eit lite innslag kvitt (som eg vel å ikkje telja som farge, men som den lysaste valøren av grønt, feks) og ein heilt lys valør av raud, på grensa mellom rosa og brunt. Ein aldri så liten treklang altså. (eller firklang)

Grunnen til fargevalet er at eg ville nytta kontrast for å framheva det grøne, naturlege. Raudt står jo for lidenskap, kjærleik, temperament, so det tykkjer eg står godt i forhold til den livsglade og friske grønfargen. Med å gje raudfargen ein brun valør, vart det også ein direkte link til sjokolade – som jo er brun (stort sett).

Fonten til logoen min var eg syndig nok å finna i type-utvalget på pcen min, og warpa og herja litt, til eg fekk den slik eg hadde sett den føre meg. Kunne nok ha skissa den heilt korrert for hand, og traca meg fram til ein heilt original font, men eg fann ein som gjorde susen denne gongen.

Det eg såg føre meg med fonten var at den skulle minna om eksotiske landskap, inspirert av dei elegante giraffane som trålar rundt med sine lange halsar og bein. Solide bokstavar, men tynne og enkle. Eg laga også eit ganske markant omriss rundt både bokstavar og symbolet mitt, noko eg prøvde meg fram til. Eg tykte ein smal strek rundt vart for lite fengslande, og ein tjukkare stroke ville tatt knekken på grønfargen – noko eg sjølvsagt ikkje ville.

Og over til symbolet. Sidan det er snakk om pekannøtt, kaffi og kakaobønne, skissa eg meg fram til ei veldig stilisert nøtt eller bønne. Også her prøvde eg meg fram med ulike storleikar, fasongar, ulike fargar, med meir. Men eg fann bønna mest balansert slik eg fekk den til slutt. Eg nytta pentool, og vips – ei nøtt vart til.

Her er logoen min i RGB, CMYK og grayscale. (Sender den ikkje inn før fristen nærmar seg meir, dog, i tilfelle eg skulle finna noko å endra på… det har jo skjedd opptil fleire gonger allereie…)

Tykkjer denne oppgåva er interessant. Kanskje mest på grunn av alle prosessane eg har vore gjennom for å koma fram til noko så enkelt som dette… Og grunnen til at eg skriv ER i staden for HAR VORE er jo at eg føler dette som starten, ikkje som slutten på min logoutformings…karriere.

Og er denne logoen tidlaus? Mogleg. Eg kan iallfall sjå føre meg at denne logoen kan passa inn i fleire tiår enn det me er inne i no. Gjer det logoen tidlaus? Tja.

*********************************************************************************************

So var det på tide med mitt vante MEN!

Eg har gjort om på logoen, ein ørliten justering – mot det enklare. Eg har igrunn hatt i hovudet at logoen og bakgrunnen skal dekka sjokoladen, og at denne skal vera firkanta. Men det har eg gått bort frå med mi reviderte utgåve, og har prøvd å BERRE fokusera på sjølve logoen, IKKJE på papiret den skal trykkast på.

Eg har også endra brunfargen til ein raudare burgunder, samt tatt bort innslaget av rosa, for å gjera uttrykket meir reint og put-together. Det medførte ein klårare kontrast mellom det grøne og komplementærfargen raudt, noko eg tykkjer bidrog til heilskapen.

Her er mine nye logoar i jpg.

No har eg sendt frå meg oblig02 også, so det  får brista eller bera. Eg er iallfall meir nøgd med denne enn førre utgåve av Pica.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: