Skrifttype – familiar

5 Apr

Her er min vidareføring  av dei smekre bokstavane H Æ og J. Grunna vår nordiske Æ, byta eg denne ut med A og E der det ikkje var noko Æ i skrifttypen. Fontane eg enda opp med valte eg ut grunna dei ulike trekka, eg ville ha fram eit lite historisk perspektiv, samt eg tykte dei var estetisk fine. Som eg nemnde i førre innlegg, heller eg svakt mot antikva. Trur det er grunna den tyngden og elegansen dei uttrykker. (Og so er eg veldig glad i runde prikkar over i og j.)

Her kjem skissene mine.

Garamond er ein diagonalantikva av den gamle sorten. Familien vaks fram på 1500-talet, og er framleis godt brukt med sine tradisjonelle, mjuke former og seriffar. Fontane i diagonalantikva er lettlesne, og difor ofte nytta i bøker. Eit karaktertrekk her er at seriffane går fint bua over i grunnstrek og hårstrek. Denne familien høyrer heime i renessansen, og har arva mykje frå handskrift.

 

Bodoni er ein vertikalantikva frå midten av 1800-talet. Denne familien er elegant i uttrykket, og eitt kjenneteikn er dei tynne seriffane og hårstrekane. Denne skriftfamilien vart til etter kobberstikkets teknikk. Noko som derimot ikkje kjem fram her i skissa mi, er at denne familien har ein større kontrast mellom svart og kvitt, enn det eldre antikva har (som ovanføre).

 

Franklin Gothic Book høyrer heime i familien primform, ein noko eldre font enn Futura under. Fontane i denne familien vert ofte nytta i tidsskrifter og liknande på grunn av sin lettlesne vesen. Grunnstrekane er kraftige, og fonten er ganske stor.

 

Denne skrifttypen heiter FUTURA, og høyrer heime i geometrisk form. Dette inneber, som nemnet tilseier, bokstavar utsprunge frå geometriske former. Det tenkte eg også då eg skissa desse – at dette kunne eg ha teikna som ein sirkel, ein firkant eller trekant. Grunnstrekane er noko meir nette enn på Franklin ovanføre. Denne typen gjer seg godt på til dømes bokomslag og liknande. Som eg har skrive på skissa er dette ein sans-seriff.

 

Her er eit snabblaga «tre» med oversikt over dei ulike font-familiane. Eg skulle vel eigentleg ha nytta fontar som synte døme på dei ulike inni dei nederste boksane, men det vart heller ein terminal font.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: