Typografisk moodboard

29 Mar

Her har eg sett saman eit knippe logoar og design med ulik typografi. Mitt største problem med dette er at eg har klart å få med logoen til HM to gonger…(djiz!) Men eg får reflektera meir om dette i morgon. Og om kva som utgjer variasjonane i dei ulike typografiane. Eg tykkjer det er stor variasjon ved første augekast, men eg får sjå på det seinare. A-menneske delux, so no er det straks leggetid o.o

So… to be continued.

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

Eg ser på logoane mine og reflekterer over dei.

* Det er ikkje alle fargeval og komposisjonar eg forstår… må kanskje ta eit djupdykk for å finna logikken, men eg trur også at ikkje alle bedrifter har særlig god logo når alt kjem til alt. Rimi sin logo forstår eg ikkje heilt, eg tykkjer den ser «billig» ut. Det er sikkert det som er hensikten, samt folkeleg, fargerik og lett å hugsa namnet på. Men særleg smakfull er den ikkje, og hadde eg eigd ei butikkjeda, ville eg at logoen skulle invitera kundar inn på eit meir smakfult vis.

* Dei fleste av logoane mine er med få fargar, lettlest skrift. Dei som derimot har meir innvikla design er i mitt tilfelle dei som har ein profil som fortel om tradisjon – som Tyrihans, AGA og BB (Brødrene Bjørndalseter). Her kjem det fram gamla tradisjonar som ein lett assosierer med godt handverk. Også Huseby kjem innunder her, med norsk flagg i logoen. = godt norsk. Og IKEA sin logo = typisk svensk, men den har jo igjen ein veldig enkel rettframtypografi.

* Eg ser på det som eit poeng at jo enklare jo betre. Det skal ikkje vera forstyrrande element. Element som vert lagt til må understreka/forsterka/bidra til ein betre logo. Det tykkjer eg til dømes Garnier har løyst på ein fin måte.

* Ein logo som HTH har er ein temmeleg genial konstruksjon. Konstruksjonen seier noko om kva type bedrift det er, samt at dei gjer det på ein ryddig og enkel måte – akkurat slik dei som skal kjøpa kjøken ønsker det – enkelt, ryddig, symmetrisk og fritt for utanomkrimskrams.

*Meir leikne logoar treff meir leikne menneske, som t.d. logoen til parfymen MADAME. Her assosierer eg med spelet rullett, som tar meg vidare til casino, Las Vegas, glamor, luksus, spel og kjærleik. Om ein vil ha ein smak på eit slikt liv – kjøp Madame.

*For meg er det assosiasjonane logoen skaper som gjer meg opplevinga av ein god eller dårleg logo. Jo enklare og meir smakfull den er – jo større målgruppe kan ein nå. Akkurat som den lille sorte (kjole, altså)… Dersom det ikkje er meininga å treffa ei bestemt målgruppe då, då kan ein gjera det slik som Madame. Eller Vanish, for den saks skuld. Eg trur eg unnlet å kjøpa Vanish kun på grunn av at den er simpel og glorete i logoen. Eg assosierer desverre med knallrosa leppestift og utslitte kle på gamle tanter som nyttar alle pengane sine på harry charterferie. My God. Slikt vaskepulver vil eg ikkje ha. (Det skulle dei tenkt på litt før. Eller kanskje dei ikkje vil ha pengane mine…?)

*Eit anna poeng – teksten må kunna bli forstått, elles er litt av meininga borte. Men igjen – den tibetanske skrifta eg har limt inn i dokumentet over får meg jo til å assosiera med tradisjon, asia, handverk, religion, skule og utdanning osv… Men greitt å ha tenkt over dette kjenner eg.

*Og til slutt. Ein U er aldri so fin som når den smiler Ü.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: