Fargeleggingscollage

20 Mar

Då har eg sagt meg ferdig (trur eg) med fargeleggingscollagen min. Eg har putla meg gjennom to collagar no, den første (som eg er minst nøgd med) er frå ideforslaget mitt abstrakt blyant, det andre (som eg vart meir nøgd med) er frå hjernebokideforslaget.

Som eg har fått fram på mi reflekterte dagbok (ispedd enkelte digresjonar) har eg halde på i photoshop i mange timar berre for å øva meg. Eg merka godt at eg fekk meir dreisen etter kvart, og den siste illustrasjonen min var ikkje so alt for verst å få til. Den er rett nok ganske enkel i uttrykket, men eg vert vel meir avansert etter kvart!

So slik har eg arbeidd praktisk med denne oppgåva. Eg har samstundes vore innom Bredenbekk si heimeside jamleg, samt andre designsider for inspirasjon. Kjenner at også det har hjelpt – eg har fått løyst litt opp i former, reglar, kva som er mogleg og frigjort ein del kreativitet på den måten. Eg valde jo faktisk først bort Hjerneboka mi, berre fordi eg ikkje heilt klarte å sjå korleis eg skulle løysa det.

Løysinga vart å klippe ut og kopiera nokre nevar og eit vindauga frå fargeleggingsbileta me fekk utdelt. Vindauga fekk seg litt warping, og vart til skjønne, opne  boksider. Dei sidene som viser under er teikna inn for frihand, og teksten har også fått seg ein warperunde (sjølv om eg reknar med at dette kunne blitt gjort på ein anna og betre måte…kunnskap tas mot med takk på dette! Eventuelt ein tutorial? Anyone?!) Elles er auga klipt ut frå ei av jentene (ouch! hihi) og augevippene er teikna på med brushverktøyet.

Ein kan sjå i arbeidet Bredenbekk har gjort for Norsk Litteraturfestival og for The Aller Værste! at eg er inspirert av fargane og motiva han nyttar (sjølv om det ikkje var noko mål å etterlikna – noko eg ikkje føler eg har gjort), hans tidvise enkle uttrykk og «svevande» objekt.

Men nok om det. Her er greiene mine. Det vart som det vart.

Abstrakt blyant;

Mindre nøgd med denne. Enkelt - simpelt - i uttrykket, rotete, umotivert på ein måte. Eit mislykka forsøk på eit spaceinvadermønster, keisam løysing jamt over. Fin bakgrunn dog, men den gjer jo stupedama SOO mykje betre. Menmen. Slik vart det.

 

Hjernebok;

Og nummer to, som eg allereie har forklart ein del oppforbi. Enkelt utrykk, men mindre "tilfeldig" og litt meir meining bak denne. Ok nøgd.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: