Nøgd?

17 Mar

No har eg maska på i photoshop i heile dag (kjennes det ut som). Eller, masking blir det kanskje lite av, men om eg vert nøgd.. tja. Det var ikkje heilt slike barne-fargeleggingsbilete eg hadde sett føre meg at me skulle ta utgangspunkt i då eg leste oppgåva igrunn, so det måtte ein liten omstilling til.

Og slik eg ser at andre før meg har løyst oppgåva… veeeel, eg trur eg er langt der i frå! (Iallfall av dei løysingane eg har sett på dei bloggane eg har vore innom) Nokre av skissene mine var jo heller av den realistiske typen, so teikninga av Ole, Dole og Doffen traff meg ikkje midt i hjarta, for å sei det slik.

Men eg trur eg klarte å omstilla meg, og gjera noko utanføre boksen (min). So no skal eg sova på det. Dersom eg får mareritt om greiene eg har sett saman, skal eg heller nytta ein ny dag til ein ny collage. Eventuelt maska vidare på den eg har.

Vert ein nokon gong strålande nøgd, utan å tenka – Kunne eg gjort dette betre? -No vel. God natt.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: