Zipit!

6 Mar

No skal eg zippa filer. Og når det er gjort har eg alt klart til første innlevering. Oblig_00.

Eg har bearbeidd mykje informasjon denne veka, og eg håpar eg har gått inn i dette med rett fot. Eg ser føre meg at mine enorme ambisjonar sit høgt, høgt der oppe og kikkar ned på meg. Nett no vonar eg at dei smiler litt, og har tru på at eg skal nå dei. Men eg har eit godt kakestykke å bita over før eg kan sei meg mett og forsynt. (Forsynt vert eg vel kanskje aldri, det er jo eit univers å læra seg innanfor media og design! Djiz.)

No må eg berre læra meg korleis eg kan zippa filene mine, før det første steget på MMDvegen er tatt… Det er litt stas kjenner eg!

Veka oppsummert har gitt meg ny lærdom, lite søvn, mange kreative timar, kortare blyantar, Creative Suits Design Premium, ny inspirasjon, ein frisk glød, krampe i neven, ein anelse innehud, ny printer, betydeleg mindre pengar og ein akseptabel bunke skisser. No gjenstår det berre å sjå om dei neste vekene vert av same kaliber.

Berre for å gjera denne posten litt meir interessant, legg eg ved eit lite snapshot av noko av skissematerialet eg har drodla fram.

Skisser anno 06.03.11

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: