Til Evigheten og Forbi! (eventuelt vegen hit…)

3 Mar

Idèutviklingsportrettet mitt

Dette er ein del av den første obligatoriske oppgåva vår på Multimediedesign. Fortelja om oss sjølv – how easy is that (for ein tidlegare frilansjournalist)?!

Mi reise har til no haldt på i 27år og …10 månadar. Sidan eg kunne halda ein blyant har eg teikna, skrive og drodla. Under stovebordet, på veggar, på blad, i bøker, på pulten, på papir, på blyantar, på penalhus, eller den korte versjonen ; über alles (over alt, på tysk)! Sjølv om det ikkje alltid vart like godt mottatt KOR eg teikna, vart MOTIVA mine godt mottatt.

Ein ville vel kanskje tru at eg ville velga tekning, form og farge med ein slik bakgrunn, men slik gjekk det ikkje. Eg starta tøft på musikklina, slutta der like tøft, og byrja på helse og sosial. I den perioden var eg meir interessert i folka eg gjekk i klasse med, heller enn innhaldet i dagen. (Kvifor høyrte eg ikkje på han som sa; Har DU teikna dette?! Du MÅ gjera noko med dei evnene dine, dette var heilt fantastisk! då eg gjekk på ungdomsskulen og teikna til mi særoppgåve om mote opp gjennom nokre tiår).

Men eg gjekk jo ikkje tomhendt ut av vidaregåande – eg fekk meg studiekompetanse og ein ny vår med i sekken – der eg også hadde putta mellom anna Et Dukkehjem (Ibsen har framleis ein plass i hjarta mitt <3), ein liten porsjon politikk og frivillig engasjement, gode karakterar og ei utvida forståing for historie og språk.

Deretter somla eg meg borti ein del, både jobbar og studier, til eg hamna i Kvinnherad og byrja på HSH Stord – lærarutdanning i praktiske og estetiske fag.

To år haldt eg ut. Men eg skjøna raskt at eg ikkje ville læra bort til andre. Eg ville bli dritgod sjølv. Og dagane med kunst og handverk var av mine aller aller beste. Drama og musikk var gode andreplassar, og norskfaget var slett ikkje langt unna det heller. Medan eg gjekk her byrja eg som frilansjournalist (jorunalist faktisk – for eg klarar ikkje legga vekk jorun i alt dette..) og fekk eit innblikk i media. Og eg likte det.

Men sidan eg ikkje nokon gong klarte å legga frå meg MEG i det eg skreiv, skjøna eg at dersom eg skulle skriva, måtte det kanskje bli på mine premissar. Det er her eg er no. Eg slutta med frilansing for eit år sidan, og tok meg ein vanleg jobb, heilt uanom det eg tidlegare har gjort. No jobbar eg med mat. Og eg likar mat. Men mest av alt; eg MÅ vera kreativ. Eg MÅ utvikla mine kreative evner og min fantasifulle tankegong. Eg søkte difor på Noroff, Multimediedesign – eit studie eg har sikla på i fleire år, og som endeleg passa inn i livet mitt. Eller vårt, for eg er trass alt ein del av ein familie på fem (Tre kids og ein hunk. Eller ektemann).

Her har eg planar om å bli betre på det eg likar og er god på allereie. Og dersom min langsiktige Plan held mål i fleire år, tar eg meg eit år på Teesside University etter dette, og toppar mine medie- og designår med sjølvaste bringebæret; grafisk kunst. Eg veit dog at eg ikkje er særleg låst, so om vegen fører meg andre stadar får eg meg nok ingen knekk likevel. Antageleg endar eg opp med mitt eige studio her på gården eg bur, der eg samarbeider med andre kreative sjeler innan musikk, kunst, tekst og foto. Der me drikk raudvin til me stupar, og hevar våre eigendesigna rumpeglas mot himmelen i våre skyfrie liv. Me skålar av glede over det me gjer. Kanskje eg tar meg ein tur som frilansar igjen, men ein ting er sikkert. Eg legg aldri frå meg blyanten min bare for å gå i klasse med «dei kule» igjen.

Eg likar meg best når eg er meg sjølv mest. Og på MMD skal eg vera meg sjølv endo meir. HURRA!

Her er meg;

Teikna med HB blyant på simpelt skisseark i omlag A4 storleik.

 

 

Advertisements

2 kommentarar to “Til Evigheten og Forbi! (eventuelt vegen hit…)”

  1. Helene mars 3, 2011 kl. 7:11 pm #

    Du skriver utrolig bra og jeg liker virkelig bakgrunnsbildet ditt. Gleder meg til å følge din og resten av gjengens blogging utover skoleåret. Lykke til!
    Helene
    Ps: Det lille kreative gårdsstudioet du beskriver så fint, høres jo ut som en drøm!

    • Jorun mars 5, 2011 kl. 6:42 pm #

      Tusen takk! 🙂 Og gårdsstudio er draumen 😉 Når den tid kjem får du koma og skåla med meg 😀

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: