MMD held meg våken allereie…

2 Mar

I natt har MMD haldt meg våken. Eg har fundert på alt eg las i gårkveld av leksjonar og informasjon. No tyt det ut øyrene mine, so det er godt eg har fått gjort litt praktisk, slik at mine søte små (celler)  kan få slappa litt av.

Printaren vår fungerer ikkje, so der må me ha ny, eg har ingen god arbeidsplass, so det må eg ordna meg (les: rydda), eg må læra meg å zippa filer, slik at læraren vert nøgd og desutan få tak i permar til alt papir, skisser, tekst, idear, fotos og ALT eg kjem til å opparbeida meg i løpet av dei neste åra. Kontroll altså.

Men eg har litt kontroll. Eg har mellom anna blitt flinkare i Moodle allereie, og ved hjelp av mitt eminente kart trur eg det skal gå som smurt. Slik eg ser det kan heile opplegget opplevast som litt uoversiktleg ved førte augekast. Men om ein tar seg tid til å lukte på tulipanane og sjå på dei store kuene som ei inspirasjonskjelde heller enn eit unaudig element, vert det jo berre lett. Lett som ei fjør. I solnedgong.

Meet Moodletown!

Dette er mitt første utkast. Ideutvikling her altså.

 

Sidan printaren vår, som sagt, har takka for seg (inkludert kopi og scanner), er dette eit lite foto, lasta opp med mobil. Funkar greit nok til dette føremålet denne gongen.

 

MEN! Rull inn litt her.

Det var det eg tenkte etter nokre dagar og meir tomling inne på Moodle. Nokre dagar etter eg først publiserte dette innlegget.

For det første – kvifor gjera det so innvikla og rotete?! Eg kunne ikkje anna enn å laga eit nytt utkast. Og denne gongen seier eg meg nøgd. Eg har no gått for det som aller først poppa opp i min finurlege skalle då eg leste oppgåva. Ein globus. Eg teikna den for frihand i A3 storleik. Først var det jo tanken at det berre skulle vera ei skisse, men jo meir eg jobba med den, jo mindre skisse vart den. Og her er altså mitt ferdige produkt av Moodle-kartet.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: